• A A A
177

Om FRAM Flexx

FRAM er ansvarleg for kollektivtilbodet på veg og sjø i Møre og Romsdal. FRAM er ei merkevare eigd og drifta av Møre og Romsdal fylkeskommune.

FRAM Flexx blir ein del av det ordinære kollektivtrafikktilbodet i Møre og Romsdal. Tanken er at Flexx skal vere eit samleprodukt for bestillingstransportar. I motsetning til ordinære ruter, blir FRAM Flexx berre køyrt ved bestilling.

Tilbodet er bestillingstransport i form av:

Tilbringartransport: Bestillingstransport kor kunden kan bli transportert til/frå heimen og til/frå haldeplass for FRAM sin rutegåande kollektivtransport – buss, ferje eller hurtigbåt.

Servicetransport: Bestillingstransport til/frå heimen og til/frå kommunesentrum, eller anna handels-/servicesenter i kommunen. Dette tilbodet er særleg egna for TT-brukarar, men alle kan nytte seg av tilbodet.

Flexx Natt: Bestillingstransport heim frå kollektivhaldeplass eller offentleg arrangement på kveld- og nattetid i helgene. Flexx Natt er i staden for Trygt heim for ein 50-lapp, og er særleg tiltenkt ungdom opp til fylte 25 år.

Hugs at du må bestille ei viss tid i førevegen, sjå nærare oppgitte bestillingsfristar under kvart tilbod. Fordi FRAM Flexx også skal hente andre, kan du bli henta 5 minutt før eller opptil 15 minutt etter avtalt tid.

Merk! Transport til/frå heim føreset at den reisande bur maks. 2 km frå oppsett køyretrasé.

Som reisande kan du bestille tur med FRAM Flexx på to måtar:

1. Via internettsida www.frammr.no/flexx kan du enkelt få oversikt over kva tilbod som finst, for så å bestille reisa. Du bestemmer kor du skal reise frå og til, dato og tidspunkt. Du kan også leggje inn viktige opplysningar, til dømes farge på huset, som kan vere nyttig der det ikkje er gateadresse, eller at du har med deg plasskrevjande utstyr.

2. Per telefon til FRAM Kundesenter – telefonnummer 177. Hugs å taste 2 for Møre og Romsdal viss du ringer frå mobiltelefon. FRAM Kundesenter i Kristiansund, tidlegare Trafikanten Møre og Romsdal AS, vil ta imot bestillingane og kunne svare på spørsmål. Kundesenteret vil også vere behjelpeleg med å leggje inn opplysningar for deg i web-portalen, slik at det vil vere enkelt å bestille reise neste gong.

Sjølv om bestillingane kjem til FRAM Kundesenter, og ikkje direkte til drosjane, vil det framleis vere drosjane som skal organisere turane, samordne på best mogleg måte og nytte det mest eigna køyretøyet.